Skulle du vere så uheldig å bli utsett for ein brann, vil bustadforsikringa dekkje sjølve huset ditt, medan det er innbuforsikringa som sørgjer for at du også får igjen pengar for alle tinga du eig.

For å tydeliggjere forskjellen kan du tenke som så: Den tomme bustaden/bygningen du har kjøpt sikrar du med bustadforsikringa. Alt du tek med deg når du flytter inn, sikrar du med innbuforsikringa. For at du skal finne forsikringar skreddersydde for deg, løner det seg å sette seg inn i kva som er kva.

Bustadforsikring – du vil vel forsikre det dyraste du eig?

  • Erstattar skadar på bustaden ved brann-, vass- og naturskade, og ved tjuveri.
  • Erstattar ombygging av bustad dersom du blir invalid etter ulykke.
  • Omfattar fri rettshjelp.

Du som eig eigen bustad er neppe i tvil om at ei så stor investering krev tilstrekkeleg forsikring. Du treng ei god bustadforsikring. Om du blir ramma av brann-, vass- eller naturskade, blir livet såpass snudd på hovudet at du nødig vil uroe deg for økonomien oppi det heile.

Eig du derimot ei burettslagsleilegheit, er du som regel dekt av forsikringsavtala burettslaget har inngått. I tillegg kan det hende at du har bustadforsikring gjennom særforbund eller fagforeiningar. Sjekk gjerne kva som gjeld for deg.

Innbuforsikring – veit du eigentlig kor mykje du eig?

  • Erstattar skadar på tinga dine forårsaka ved vatn, brann eller tjuveri.
  • Dekkjer tjuveri frå uteareal på forsikringsstaden.
  • Innbu Pluss inkluderer uhellsforsikring ved plutselege og uventa skadar.

Det er like viktig å forsikre interiøret. Det er her det personlege og heimekjensla ligg. Ikkje minst alle dei innretningane du brukar i det daglege: Datamaskin, klede, verktøy og kjøkkenreiskapar, for å nemne noko. Mange blir dessutan overraska over kor store summar det blir når du legg saman verdien på alt du har i skuffer og skap.

Og hugs – innbuforsikring er viktig også om du ikkje eig staden der du bur. Om du til dømes leiger, vil huseigar ha bustadforsikring som dekkjer skadar på bustaden, medan du sjølv må sørge for ei innbuforsikring som dekkjer tapa dine som følge av til dømes brann eller vasslekkasje.