Somme gonger er det både nødvendig og fornuftig å søkje om finansiering – til dømes når vaskemaskinen streikar, eller du treng å pusse opp badet. Problemet oppstår når du ikkje greier å betale ned i tide og rentene blir uhandterlege. Då kan kredittkortgjelda fort bli større, og eitt forbrukslån fort bli til fleire.

Samle låna dine og spar pengar

Det er fort gjort å miste oversikta dersom du har fleire smålån med ulike forfallsdatoar. Slike lån har gjerne så høg rente at sjølv ei lita forgløyming kan bli kostbar.

Kanskje er du i ein liknande situasjon? Dersom lånekostnadene dine har blitt uhandterlege eller uoversiktlege, skal du vite at du alltid kan kome til oss for ein rådgivingssamtale. Saman finn vi løysinga på utfordringane dine: Hjå oss kan du få samla smålåna dine i eitt einskild lån.

Ta kontakt med oss for ein rådgivingssamtale.

Difor sparar du på å refinansiere forbrukslån:

  1. Få betre oversikt. Med all gjeld samla hjå oss har du: éin dato, éin sum og éin bank å ta omsyn til. Det gjer det enklare å planleggje kvardagen og ha kontroll på økonomien. Om du har spørsmål, er det kanskje også lettare å snakke med oss i lokalbanken enn ein långivar du ikkje har noko forhold til?
  2. Spar pengar. Ikkje berre får du éi rente å ta omsyn til, renta er òg ei av dei lågaste på marknaden. Lågare terminkostnader og gebyr gjer òg at dei månadlege utgiftene går ned. Då står du friare til å velje kor raskt du vil betale ned lånet.

Somme gonger kan det vere godt å få råd frå nokon med erfaring og oversikt. Du kan gjerne kontakte oss for ein rådgivarsamtale. Vi hjelper deg å velje gode løysingar.

Søk refinansiering på nettsidene våre.