Anne Hyttemoen i Eika Forsikring har jobba med forsikring i over 30 år, og er ikkje i tvil:
All unge mellom 18 og 34 år bør ha innbu-, reise- og ulykkesforsikring.

- Derfor har vi skreddarsytt ein pakke for deg som skal bu aleine for fyrste gong. Forsikringane som gjer at du kan sove godt om natta, utan å tømme studielånet, seier Hyttemoen. 

Dette er inkludert i pakken:

  • Innbu Pluss dekkjer blant anna innbu inntil 500.000 kroner.
  • Reise Pluss har inkludert avbestillingsforsikring og ingen eigendel ved skade.
  • Ulykkesforsikring med erstatning på inntil 1 million kroner


UNG-forsikringa kostar til saman 160 kroner i månaden. Dersom du ønskjer eiga forsikring for berbar PC i tillegg, blir sluttsummen 187 kroner.

Kjøp UNG-forsikring her!

Hjelp! Vasslekkasje på hybelen
Med eiga innbuforsikring har du forsikra alt du har med deg frå barndomsheimen, i tilfelle innbrot, brann eller vasskade. I tillegg dekkjer den eventuelle skader som skjer undervegs i sjølve flytteprosessen.

Fullt dekket både i inn- og utland
Reiseforsikringa gjeld like mykje frå du går ut døra heime, som på reiser i utlandet. Det er kjekt å ha dersom bagasjen skulle forsvinne, men det er ikkje hovudgrunnen til at ein bør ha ei god reiseforsikring.

- Eit sjukehusopphald i utlandet kan gjere livet til ein økonomisk ruin. Skulle uhellet vere ute, dekkjer forsikringa alt av medisinske utgifter og sjukehusopphald. Forsikringssummen er uavgrensa, og gjeld også heimtransport, forklarer Hyttemoen.

Om ulukka skjer
Den tredje forsikringa i UNG-pakken, er ulykkesforsikring. Det er heldigvis ikkje ofte ein har bruk for den, men desto viktigare å ha dersom ulukka verkeleg skulle vere ute.

- Ulukker skjer fort, brått og brutal, og livssituasjonen kan plutseleg bli snudd på hovudet. Ulykkesforsikring inkluderer medisinsk invaliditet inntil 1 million kroner.