Handverkar

Vi har gjort det enkelt for deg som handverkar å vere riktig forsikra. Storleiken på bedrifta di er behovet for forsikringar likt for heile bransjen. Vi gir deg som handverkar ei komplett forsikring, og sikrar deg dersom noko skulle skje.
  • Dekkjer handverkar si plikt til å halde kontraktsarbeidet forsikra
  • Forsikringa dekkjer verktøy og utstyr, uavhengig av kor dette er oppbevara
  • Alle plutselege og uventa skadar er dekt, inkludert brann,vann, tjuveri og naturskade
Kontakt meg om handverkarforsikring

Komplett forsikring for handverkar

Vi har gjort det enkelt for deg som handverkar å vere riktig forsikra. Sidan vi kjenner bransjen og kva forsikringsbehov du har som handverkar, har vi samla det du må ha i ei og same forsikring.

Rettsleg erstatningsansvar
Skade du kan påføre andre eller andre tinga sine er dekte.

Kontraktsarbeid
Betyr at materialar og arbeidstimar som blir tilførte dei ulike prosjekta er forsikra iht. Bustadoppføringslova eller Norsk Standard.

Verktøy og utstyr
Uavhengig av kvar verktøyet og utstyret ditt er seg er det forsikra.

Ta kontakt med banken dag for å forsikre handverkarbedrifta di.

Dette treng du som handverkar:

Lovpålagd med yrkesskadeforsikring

Som handverkarbedrift med tilsette er det lovpålagt med yrkesskadeforsikring. Ei yrkesskadeforsikring sikrar dei tilsette på arbeidsplassen, og gir erstatning ved arbeidsulukker og yrkessjukdomar. I tillegg er dei tilsette forsikra på veg til og frå jobb.

Er du sjølvstendig næringsdrivande er det frivillig å ha yrkesskadeforsikring, men vi tilrår alle å kjøpe dette. I tillegg tilrår vi deg å kontakte NAV for frivllig yrkesskadetrygd.

Hugs å forsikre bilen

Bilen er eit viktig verktøy for mange handverkarar og representerer store verdiar. Vi har derfor ei eiga forsikring for bilen til handverkaren. Den dekkjer sjølvsagt bilen, men omfattar også verktøy og varer som er innelåst på byggjeplass og under transport. Dersom noko skulle skje får du også leigebil i heile reparasjonstida. 
 

Viktig å sikre dine tilsette

Vi tilrår at du forsikrar medarbeidarane dine. Med personalforsikringa vår er du forsikra med:
Gruppeliv som gir erstatning om medarbeidaren døyr. Ektefelle eller sambuar sitt liv kan også forsikrast.
Annan sjukdom som gjeld uførleik og meinerstatning ved skade etter andre sjukdomar enn yrkessjukdomar.
Utvida medisinsk invaliditet som gir auka erstatning ved medisinsk invaliditet.