Byggjelån

Eit byggjelån er gunstig for bedrifter som byggjer nytt eller skal gjere større rehabiliteringar.
  • Du har midler tilgjengelig hele byggeperioden
  • Lånet dekker løpende kostnader
  • Du betaler kun renter av det du har brukt av lånerammen
Kontakt meg om byggjelån

Dette er byggjelån

Skal bedrifta di byggje nytt eller gå i gang med eit større rehabiliteringsprosjekt? Då kan det vere fornuftig å søkje om byggjelån hjå oss.

Byggjelånet blir etablert som ei låneramme, og blir utbetalt etter kvart som byggjekostnadene kjem på i prosjektet.

Utbetalingane skjer etter avtale og løpande kontakt med rådgivaren din i banken. Byggjelån er gunstig for å finansiere byggjeprosjekt ettersom du berre betaler renter av det du faktisk har brukt av låneramma. Når byggjeperioden er ferdig, blir byggjelånet gjort om til eit langsiktig lån eller gjort opp dersom ein sel eigedomen.

Tre kjappe om byggjelån

  1. Kva er eit byggjelån?
    Ei låneramme som blir betalt ut i takt med utviklinga i byggjeprosjektet.

  2. Kven passar eit byggjelån for?
    Bedrifter som skal byggje nytt eller som skal gå i gang med omfattande rehabiliteringar.

  3. Kva skjer når byggjeprosjektet er ferdig?
    Når byggjeperioden er over blir byggjelånet gjort om til eit langsiktig lån eller gjort opp dersom ein sel eigedomen.