Velj mellom ulike betalingstypar, blant anna Europabetaling, betaling til land utanfor Europa, vanleg- eller hastebetaling. Du kan også velje kva valuta du ønskjer å betale i.

Når mottakaren sin valuta ikkje er tilgjengeleg, anbefaler vi å overføre i amerikanske dollar eller euro. Betalinga du gjer får den marknadskursen valutaen har på det aktuelle tidspunktet.

  • Vel mellom tre alternativ for betaling av kostnader (mellom deg og mottakar).
  • Gir deg full kontroll på tidspunkt for betaling.
  • Utlandsbetalingar kan også sendast på fil.
Om du ikkje finn alternativet til utenlandsbetaling i nettbanken, kontakt banken for å få tilgang. Det er også mogeleg å få banken til å registrere overføringa for deg. 

Dette må du hugse på ved overføring til utlandet:
Fullstendig namn og adresse til mottakaren
Mottakaren sitt IBAN/kontonummer og banksamband
Valutasort og beløp som skal overførast
Mottakarbanken sin SWIFT/BIC-kode

Dette må du hugse på ved mottak frå utlandet:
Informer betalar om ditt IBAN kontonummer og SWIFT/BIC-adresse.
IBAN-nummer finn du på kontoutskrifta di og i nettbanken.

BIC/SWIFT-kode er ein unik kode for den banken der mottakaren har kontoen sin. I tillegg til IBAN/kontonummer krevst det at det blir registrert ein BIC/SWIFT-kode. BIC/SWIFT-kode har 8 eller 11 karakterar (bokstavar A-Z eller tal 0-9). BIC/SWIFT-kode må du få oppgitt av betalingsmottakaren. På fakturaen finn du som regel BIC/SWIFT-kode saman med andre betalingsopplysningar.

Nokre land bruker andre bankkodar enn BIC/SWIFT-kode. Skal du overføre pengar til blant anna USA, må du bruke bankkode. Denne bankkoden blir ofte omtalt som ABA-nr. eller Fed Wire (FW). Eksempel på bankkode til USA: FW123456789. Bankkoden må du få oppgitt av betalingsmottakaren. På fakturaen finn du som regel bankkoden saman med andre betalingsopplysningar.

Du kan velje mellom 3 alternativ for betaling av kostnader:
1.Du betaler kostnader i Noreg, og mottakar betaler kostnader i utlandet (anbefalt).
2.Du betaler alle kostnader både i Noreg og utlandet.
3.Mottakar betaler alle kostnader.

Vi anbefaler at du betaler kostnadene i Noreg, og mottakar betaler kostnadene i utlandet, då dette gir lågast kostnader både i Noreg og utlandet. For Europa-betaling er kostnadstype 'Delt – avsendar/mottakar' obligatorisk for alle betalingar.

For Anna betaling kan du velje alle kostnadstypane. Det er viktig å merke seg at dersom ein vel Anna betaling til EU/EØS-området og Sveits, må ein velje kostnadstype 'Delt – avsendar/mottakar' når ein nyttar valutasorten EUR eller mottakarlandet sin valuta. Ved andre kostnadsval blir betalinga avvist.

Val av valuta:
Vi anbefaler alltid å overføre i den lokale valutaen til mottakarlandet. Vi anbefaler å overføre i USD eller EUR når overføring i mottakarlandet sin valuta ikkje er mogeleg. Dersom du er usikker på kva alternativ som er best, kan du eventuelt ta kontakt med betalingsmottakar for å sjekke kva valuta han ønskjer å få beløpet i. CNY er no gyldig overføringsvaluta til Kina, men berre for betaling av faktura i CNY. Hugs at du alltid må oppgi fakturanummer.
Dersom du ikkje finn valutasorten i nedtrekkslista i nettbanken, kan ikkje banken tilby overføring i denne valutaen. Vi anbefaler å overføre i USD eller EUR når overføring i mottakarlandet sin valuta ikkje er mogeleg. Dersom du er usikker på kva alternativ som er best, kan du eventuelt ta kontakt med betalingsmottakar for å sjekke kva valuta han ønskjer å få beløpet i.

Betalingar i framand valuta må vekslast og ekspederast til marknadskurs på det tidspunktet dei skal utførast. Når du registrerer betalinga i nettbanken, får du opplyst ein førebels kurs. Denne kursen er berre rettleiande og reell kurs blir fastsett når betalinga er utført. Du kan derfor oppleve avvik mellom førebels kurs og reell kurs på grunn av svingingar i valutakursane.

Betalingstypar:
Europa-betaling skal brukast der ein nyttar IBAN og EUR eller mottakarlandet sin valuta. Europa-betaling dekkjer dei fleste behova for overføringar i Europa.

Anna betaling skal brukast når du skal overføre til eit land utanfor Europa. Men du skal også velje Anna betaling dersom du skal overføre til eit land i Europa og du har valt ein annan valutasort enn Euro eller mottakarlandet sin valuta. Eksempel på Anna betaling: THB til Thailand, CAD til Canada, USD til Tyskland og AUD til Australia.

Du kan velje mellom Vanleg og Hastar. Ved Europa-betaling er det ikkje mogeleg å velje Hastar. Du kan velje prioritet Hastar berre dersom du nyttar Anna betaling. Ei betaling med prioritet Hastar har ein høgare pris enn Vanleg betaling.

Disse landene krev IBAN:

Land som krever IBAN IBAN-lengde Eksempel på IBAN for det enkelte land
Andorra 24 AD1200012030200359100100
Belgia 16 BE68539007547034
Bulgaria 22 BG80BNBG96611020345678
Danmark 18 DK0208950001002675
Estland 20 EE382200221020145685
Finland 18 FI2112345600000785
Frankrike 27 FR1420041010050500013M02606
Færøyene 18 FO1464600009692713
Gibraltar 23 GI75NWBK000000007099453
Grønland 18 GL8964710001000206
Guernsey 22 GB57NWBK55504453178386
Hellas 27 GR1601101250000000012300695
Irland 22 IE29AIBK93115212345678
Island 26 IS140159260076545510730339
Isle of Man 22 GB57NWBK55504453178386
Isle of Man 22 IM07MIDL40193872448696
Italia 27 IT60X0542811101000000123456
Jersey 22 GB57NWBK55504453178386
Jersey 22 JE68ABNA0350917C000978
Kroatia 21 HR1210010051863000160
Kypros 28 CY17002001280000001200527600
Latvia 21 LV80BANK0000435195001
Libanon 28 LB209990000000001001901229114
Liechtenstein 21 LI21088100002324013AA
Litauen 20 LT121000011101001000
Luxembourg 20 LU280019400644750000
Makedonia 19 MK07250120000058984
Malta 31 MT20FIMB3301900001474CALLUSD020
Monaco 27 MC111273900070001111100H79
Montenegro 22 ME25505000012345678951
Nederland 18 NL91ABNA0417164300
Norge 15 NO9386011117947
Polen 28 PL6110901014000071219812874
Portugal 25 PT50000201231234567890154
Romania 24 RO49AAAA1B31007593840000
San Marino 27 SM86U0322509800000000270100
Saudi Arabia 24 SA0380000000608010167519
Slovakia 24 SK3112000000198742637541
Slovenia 19 SI56191000000123438
Spania 24 ES9121000418450200051332
Storbritannia 22 GB57NWBK55504453178386
Sveits 21 CH9300762011623852957
Sverige 24 SE4550000000058398257466
Tsjekkia 24 CZ6508000000192000145399
Tunisia 24 TN5910006035183598478831
Tyrkia 26 TR330006100519786457841326
Tyskland 22 DE89370400440532013000
Ungarn 28 HU421177301611111101800000000
Østerrike 20 AT021400077410893196

Land med IBAN utan retur av BIC

1. EU-land

Land Landkode IBAN-lengde Eksempler på IBAN-nummer
Belgia BE 16 BE68 5390 0754 7034
Bulgaria BG 22 BG80 BNBG 9661 1020 3456 78
Estland EE 20 EE38 2200 2210 2014 5685
Gibraltar GI 23 GI75 NWBK 0000 0000 7099 453
Hellas GR 27 GR16 0110 1250 0000 0001 2300 695
Irland IE 22 IE29 AIBK 9311 5212 3456 78
Italia IT 27 IT60 X054 2811 1010 0000 0123 456
Kypros CY 28 CY17 0020 0128 0000 0012 0052 7600
Latvia LV 21 LV80 BANK 0000 4351 9500 1
Litauen LT 20 LT12 1000 0111 0100 1000
Luxembourg LU 20 LU28 0019 4006 4475 0000
Malta MT 31 MT84 MALT 0110 0001 2345 MTLC AST0 1S
Polen PL 28 PL27 1140 2004 0000 3002 0135 5387
Portugal PT 25 PT50 0002 0123 1234 5678 9015 4
Romania RO 24 RO49 AAAA 1B31 0075 9384 0000
Slovakia SK 24 SK31 1200 0000 1987 4263 7541
Slovenia SI 19 SI56 1910 0000 0123 438
Tsjekkia CZ 24 CZ65 0800 0000 1920 0014 5399
Ungarn HU 28 HU42 1177 3016 1111 1018 0000 0000

2.EØS-land

Land Landkode IBAN-lengde Eksempler på IBAN-nummer
Island IS 26 IS14 0159 2600 7654 5510 7303 39
Liechtenstein LI 21 LI21 0881 0000 2324 013A A

3. Land utenfor EU/EØS-området

Land Landkode IBAN-lengde Eksempler på IBAN-nummer
Sveits CH 21 CH93 0076 2011 6238 5295 7

Land du bør nyttje IBAN til

Land som krever IBAN IBAN-lengde Eksempel på IBAN for det enkelte land
Albania 28 AL47212110090000000235698741
Bosnia-Hercegovina 20 BA391290079401028494
Georgia 22 GE29NB0000000101904917
Israel 23 IL620108000000099999999
Kasakhstan 20 KZ86125KZT5004100100
Kuwait 30 KW81CBKU0000000000001234560101
Mauritania 27 MR1300020001010000123456753
Mauritius 30 MU17BOMM0101101030300200000MUR
Serbia 22 RS3526000560100161