Målsetjing med ISO 20022 i Noreg 
Norske banker har vedteke å innføre ny internasjonal meldingsstandard for betalingsformidling. Den dekkjer heile betalingsløpet frå betalar til betalingsmottakar og omfattar både innanlandske og grensekryssande betalingar. Målet er å erstatte gamle, nasjonale, proprietære format med eit einsarta, internasjonalt standard. Vidare vil det vere lite formålstenleg for bedrifter å nytte eitt format for SEPA-betalingar (ISO20022 XML) og eit anna format for alle andre betalingar (EDIFACT og/eller Telepay). 

Fordelar for bedrift
SEPA og ISO-standardiseringa gjer betalingsformidlinga meir effektiv og forutsigbar. Betalingane vil innehalde same informasjon gjennom heile betalingsløpet, og det blir dermed mindre behov for manuell oppfølging og avstemming. Dette gjer at både pengane og informasjonen kjem raskare fram til betalingsmottakar innan EU/EØS.

Kva inneber dette for bedriftskunden?
Sida Noreg er ein del av SEPA, er vi omfatta av lovvedtaket som seier at alle euro-betalinger skal utførast i henhold til eit nytt internasjonalt standard. Dette betyr blant anna at du må bruke IBAN i staden for vanlege nasjonale kontonummer når du skal gjere eit SEPA betaling. Dersom bedrifta di nyttar seg av eit ERP-/økonomisystem for å sende betalingsfiler til banken, må dykk byte til det nye filformatet ISO 20022 XML innan 31. oktober 2016.

Gjeld det alle bedriftskundar?
Ikkje alle kundar blir rørte av endringa, men alle kan byte til formatet. Lova seier at alle kundar som i dag sender betalingar på fil i euro må byte til ISO 20022 XML dersom bedrifta har balanse eller omset for meir ein motverdien av 2 millionar euro og/eller har meir enn 10 tilsette. Krava om bruk av IBAN vil uansett gjelde.

Kva skal bedrifta gjere?

  • Mange eurobetalingar: Ta kontakt med ditt ERP-/økonomisystemleverandør for å høyre når du kan oppgradere til nytt format. Alle leverandørar skal vere informerte om endringa og har sat i gong prosjekt for å konvertere kundane. Om du skulle trenge hjelp frå oss, ta kontakt med Betalingsformidlingsansvarlig i banken.
  • Få eurobetalingar: Har de berre har nokre få eurobetalingar, kan ein registrere desse som enkeltbetalingar i nettbanken, denne er allereie tilpassa dei nye krava.
  • Ingen eurobetalingar: Dersom bedrifta di ikkje gjer eurobetalingar blir dykk ikkje rørte av dei nye reglane og treng ikkje å endre noko no. På sikt vil dei gjeldande formata utfasast og vi anbefaler å følgje med på informasjon frå banken om dette.
Kva førebuingar bør bedrifta gjere uansett?
  • Oppdater leverandørregisteret ditt med IBAN der du berre har vanleg kontonummer til mottakar for alle leverandørar innan EU/EØS.
  • Oppdater din eigen informasjon på faktura med å setje IBAN på dersom du har kundar i utlandet.
  • Når ein utanlandsk mottakar ber om kontonummeret ditt, anten på ein kontrakt eller på ein avtale, oppgje alltid IBAN i staden for kontonummer.
  • Sjekk om økonomisystemet ditt/ERP system er tilrettelagt for det nye formatet.
Overgang til ISO 20022 XML for alle betalingar i Noreg på lengre sikt
Så langt har arbeidet med ISO 20022 bestått i etablering av betalingsinstruksjonar (betalingsfiler) frå kunde til bank (pain 001), og kvitteringsfiler (returfiler) frå bank til kunde (pain 002 og pain 003). I tillegg produserer vi og sender ut til kundar ei fullstendig oversikt over transaksjonar som er debiterte konto (camt 054d).  
 
Bankane er no i ferd med å tilretteleggje for fleire meldingstypar som vil gi auka funksjonalitet i økonomisystema og auka effektivitet i verksemdene når dei blir tekne i bruk. I fyrste omgang omfattar den camt 054 credit (innbetalingar) og camt. 053 (kontoutskrift). Begge meldingstypane er rapportar frå banken som er planlagde på avstemming av kundereskontro og hovudbok. Nokre av dei verksemdene som allereie har implementert desse, har rapportert om auka effektivisering av rekneskapen med moglegheit for meir automatisert bokføring. Vi vil tilby kundane våre camt.054 credit og camt.053 i løpet av hausten. For at du som kunde skal kunne nyttiggjere deg av desse filene er det viktig at du også involverer leverandøren din av økonomisystemet de bruker. 
 

Ta kontakt med bedriftsrådgivaren din dersom du har spørsmål angåande overgang til bruk av ISO20022XML som format for betalingsfilene dine.