Dette er fakturering med KID
Fakturering med KID-nummer gjer det enklare å avstemme innbetalingar og gir meir effektive purrerutinar.
Som bedriftskunde hos oss kan du bruke OCR-giro:
- Send faktura med ferdig utfylt KID-nummer til kundane dine
- KID identifiserer kunden og kva betalinga gjeld
- Du slepp manuell registrering av innbetalingane
- Du får informasjon om innbetalingane i ei OCR-fil for automatisk oppdatering av kundereskontroen
- Fungerer med alle nyare økonomisystem
- Passar for bedrifter med fleire enn 100 innbetalingar i året
Har bedrifta di mange innbetalingar som ikkje inneheld KID-informasjon?
Då kan eGiro vere ei god løysing:
- Gjennom eGiro får du ei komplett, elektronisk fil som inneheld all informasjonen som finst om den enkelte betalinga
- Fila inneheld fleire datafelt enn ei OCR-fil
- Bedrifta slepp manuell registering av innbetalingar
- Passar for bedrifter som får ei større mengde innbetalingar og som ønskjer meir fridom i kva slag informasjon betalar kan gi frå seg
Ta kontakt med oss for å finne ut kva som er den beste løysinga for di bedrift.