- Nei, å spare på forsikringa er dårleg økonomi, meiner den erfarne bileigaren.

Bilparken består av ein VW Transporter 2008-modell, og ein ti år gammalt BMW 520.

- Begge har eg kasko på. Eg har faktisk aldri vurdert noko anna, seier Johannessen.

Kjøp forsikring i dag, og få 10 prosent rabatt

En bil for kvart behov
På lik linje med mange andre familiar, har også familien Johannessen to bilar. Transporteren er jobb-bilen – eit køyretøy som blir herja litt med og som etter eigarens si eiga utsegn «skal brukast opp».

- Eg kjøpte den faktisk for berre nokre veker sidan, for 75.000 kroner, og planlegg å ha den i mange år framover. Då kaskoforsikrar eg den sjølvsagt også, forklarer Johannessen.

Hans resonnement er at det er dyrare å la vere. Dersom bilen for eksempel skulle bli totalvraka, og han sit med ei dårleg forsikring, må han ut med 75.000 nye kroner for å erstatte den.

- Vi får jo håpe det ikkje skjer, men den sjansen vil i alle fall ikkje eg ta. Derfor har eg heller aldri vurdert anna enn kasko på kona sin BMW – sjølv om den er ti år gamal, seier han.

- Tenk på bruksverdien
Til dagleg jobbar Magne Johannessen som lastebilsjåfør. I eit krisetilfelle ville han hatt moglegheit til å køyre lastebilen fram og tilbake på jobb. Men slik er det ikkje alle som har det.

- Eg tenkjer på den tida då vi bygde hus og hadde to små barn i huset. Då var vi heilt avhengige av at bilen gjekk, og hadde i alle fall ikkje hatt råd til å ha ei dårleg forsikring, seier han.

Derfor rår han andre til å tenkje på kva som er bruksverdien på bilen dei eig.

- Ein velfungerande bil er gull verdt, sjølv om den kanskje ikkje er verdt så mykje i kroner og øre. Men om du brått må ut med 50.000 kroner for ein ny, skjønar du at det er ein brølar å ikkje ha skikkeleg forsikring, seier Johannessen.

Heller ikkje for han ville det vore noko varig løysing å køyre lastebilen.

- Nei, å miste bilen ville sjølvsagt ha svidd i lommeboka mi også, understrekar han.

Sjekkar med jamne mellomrom
Lastebilsjåføren vil karakterisere seg sjølv som ganske oppteken av forsikring.

- Det er viktig å ta ein gjennomgang med jamne mellomrom for å sjekke at ein har rett dekning. Heldigvis har eg god dialog med banken min. Der passar Trond på meg, og vi tek ein gjennomgang cirka ein gong i året. Det er bra, for forsikring er ikkje nok ein tullar med, seier han.

Usikker på om du har rett bilforsikring? Sjekk alternativane våre