1. Syt for å leggje ein god plan
    Med ein god plan unngår du dyre overraskingar undervegs – og du kan jobbe meir effektivt. Set opp ein totalplan som inneheld målet for sluttresultatet, eit detaljert budsjett og den planlagde rekkjefølgja og tidsbruken på delprosjekt. Dess større prosjektet ditt er, dess viktigare er planlegginga.

  2. Finn ut kva du kan gjere sjølv ...
    Svært mange oppussingsoppgåver det er fullt mogeleg å gjere sjølv, og ofte er det meir lønnsamt å ta seg permisjon frå jobb enn å lønne ein profesjonell handverkar – sjølv om du brukar lenger tid på arbeidet. Maling, riving og legging av parkettgolv er typiske oppgåver du fint greier sjølv.

  3. ... og kva du bør overlate til andre
    Dette er sjølvsagt avhengig av kva slags førekunnskapar du har. Mange sparar til dømes mykje tid og får eit betre resultat ved å setje vekk jobbar som sparkling og pussing av mur. I tillegg bør du bruke fagfolk til arbeid som omfattar berekonstruksjonar og VVS. Her kan nemleg feila bli svært kostbare. Elektrikararbeid er du lovpålagd å ha fagfolk til å gjere.

  4. Hent inn tilbod frå fleire handverkarar
    Dei fleste synest det er trygt og behageleg å hente inn tilbod frå ein totalentreprenør som gir éin pris for heile jobben. Diverre kan det bli unødvendig dyrt – i alle høve om du ikkje hentar inn tilbod frå fleire firma. Det aller beste er å ta kontakt med kvar einskild handverkar på eiga hand. Det krev litt meir arbeid, men kan potensielt spare deg for fleire titusen kroner i administrasjonspåslag.

  5. Kjøp rimelege materiale
    Bruk tid på å undersøkje prisar frå fleire forhandlarar. Det er viktig at du har hugsa punkt 1 og har ei materialliste du kan vise til når du snakkar med butikkane. Skal du handle i store kvantum bør du prøve å forhandle fram ein rabatt.

  6. Vel rett finansiering
    Mange ser berre på renta når dei skal låne pengar til oppussing og endar opp med å bake det inn i bustadlånet. Hugs at nedbetalingstida har like mykje å seie, særleg om du skal i gong med mindre oppussingsprosjekt. Les meir om lånemogelegheitene dine her.

  7. Tenk kreativt og finn smarte løysingar
    Les interiørblad, sjå oppussingsprogram på TV og søk på nettet etter gode råd og tips. Det er ein heil haug med smarte (og rimelege) råd der ute. Vi har tjuvstarta jobben for deg:
  • Vel second hand. Er du på utkikk etter møblar, bør du sjå etter kva som finst på marknaden på til dømes Finn.no. Her kan du ofte finne nesten ubrukte objekt til ein brøkdel av butikkprisen.
  • La kjøkkeninnreiinga stå. Skapa kan målast om, og knottar eller beslag kan bytast ut. Ofte kan det åleine gi inntrykk av eit heilt nytt kjøkken.
  • Pusse opp badet? Hugs at eit vegghengt toalett er dyrare enn eit som står på golvet. Du kan òg droppe fliser på tørre område og måle i staden – men då er det viktig med hyppig vedlikehald.
  • Nytt golv? Du kan vurdere rimelegare alternativ til parkett og tregolv, som laminat eller vinyl. No får du òg vinylgolv som du kan leggje i plankeformat med eit klikk, i staden for på rull.
  • Kjøp varer i Sverige. Det er ikkje berre daglegvarer som er rimelegare på den andre sida av grensa. Hugs berre at dimensjonar og storleikar kan variere og at meirverdiavgift og toll kan kome i tillegg.
  • Handle alt du treng med éin gong. Finn ut kva du treng av verktøy, maling og pussesaker og kjøp inn alt på førehand, i staden for å ta småturar kvar gong du har gløymt noko.

Korleis finansierer du oppussinga? Snakk med ein rådgivar i dag.

Lukke til!

Kjelder: Aktiv Eiendom, smartepenger.no, nrk.no, ifi.no og skikkeligrorlegger.no.