Den kalde årstida stiller tøffare krav til både førar og bil, men om du følgjer nokre engle reglar kan du spare deg både bryderi og pengar.

1) Ta haustsjekken
Forhåpentleg sjekkar du bilen med jamne mellomrom, men det er likevel lurt å setje av tid til enkelt vedlikehald no før vinteren set inn. Vask og polering høyrer med, og gløym ikkje å vaske frontruta på innsida. Låg haust- og vintersol er ikkje lett å takle med grautete vindaugsruter. Sjekk også frostvæske, peil olje, smør dør åsar, kontroller at alle lys virkar og sjekk og eventuelt byt ut vindaugsviskarane.

 2) Toler batteriet ditt vinteren?
Kulda krev meir av batteriet ditt enn sol og varme gjer. Har du eit utkøyrt batteri, er det som regel på vinteren du merkar det. Er det eldre enn 6-7 år toler det neppe ein kald vinter dersom bilen ikkje vert brukt dagleg.
Ifølgje NAF er flatt batteri den mest vanlege årsaka til utrykking. Ta difor ein ekstra sjekk på kapasiteten før det er for seint.

 3) Sjekk dekka
Det finnast ingen reglar for når du må skifte til vinterdekk. Du må difor sjølv følgje med på vêr- og køyretilhøve og ta avgjersla om når det er lurt å sko bilen for kaldare tilhøve.
- Men du må også sjekke dekka dine. Lova seier at mønsterdjupna skal vere minst 3 millimeter, men det tykkjer eg er for lite. Du bør ha 4, kanskje 5 millimeter for å vere godt nok skodd for vinteren, seier trafikklærar Ole-Bjørn Dokken i Wright trafikkskule.

 4) Hald avstand
Når vinteren først er her, bør du tenkje ekstra nøye over avstand når du køyrer. Du hugsar kanskje frå køyretimane dine at tilrådinga om avstand til bilen framfor er 3 sekund. Det er for lite, meiner køyrelærar Dokken.
- På glatt føre bør du sørgje for ei avstand på 4-5 sekund, meiner den erfarne trafikklæraren.

 5) Ikkje gløym å bremse
Å bremse kan vere skummelt på glatta, men det er endå verre å ikkje bruke bremsene. Bruk dei difor som normalt, er rådet frå køyrelærar Ole-Bjørn Dokken.
- ABS-bremsene er konstruerte for å hjelpe deg, så ikkje ver redd for å bremse kraftig sjølv om føret er glatt, seier han.