Innhald

I samband med besøket inviterte banken til seminar med Norges Bank og næringslivet i Sogn. Seminaret på Quality Hotel Sogndal hadde god oppslutnad frå næringslivet, det offentlege og kundar i banken.  Visesentralbanksjef Jon Nicolaisen held føredraget: "De økonomiske utsiktene", og Deputy Chief Executive Officer i Norges Bank Investment Management Trond Grande held føredraget "Statens pensjonsfond utland". I tillegg til Norges Bank, vart bedriftene Quality Hotel Sogndal, Highsoft, Rocketfarm AS, Digital Etikett AS, RBIS Avery Dennison NTP AS og Norsun presenterte.

Norsun AS, Digital Etikett  AS og RBIS Avery Dennison NTP AS


Det er første gong ein lokal bank er vertskap for Norges Bank i Sogn, og det var ei stor ære for Indre Sogn Sparebank å vera vertskap for besøket. Noregs Bank la vekt på å møta næringslivet i Sogn. Etter seminaret var Norges Bank på bedriftsbesøk og fekk informasjon om dei to store bedriftene på Kaupanger, Lerum AS og Jatak AS.

Bedriftsbesøk på Jatak AS