Du får kredittkortet anten med privat ansvar eller bedriftsansvar. Her ser du kva kort som passar best for deg.

MasterCard Business med privat ansvar

MasterCard Business med privat ansvar er den vanlegaste forma for kredittkort og eignar seg for bedrifter med mange tilsette.

Det er innehavaren av kortet som er juridisk ansvarleg for all bruk av kortet, og kredittgrensa baserer seg på betalingsevna til den enkelte. Med Mastercard Business er det enkelt å fylle ut reiserekning og utleggskjema, og dersom minst 50 prosent av jobbreisa er betalt med kredittkortet, er reise- og avbestillingsforsikring inkludert.

Bestill MasterCard Business med privat ansvar.

MasterCard Business med bedriftsansvar

MasterCard Business med bedriftsansvar eignar seg for små bedrifter, for eksempel enkeltpersonføretak.

Det er bedrifta som er juridisk ansvarleg for all bruk av kortet, og kredittgrensa baserer seg på betalingsevna til bedrifta. Kostnadene blir førte direkte mot bedrifta, og arbeidsgivar får full oversikt over innkjøp i den månadlege fakturaen i nettbanken. Reise- og avbestillingsforsikring er inkludert i kortet.

Bestill MasterCard Business med bedriftsansvar.

Bedriftskredittkortet kan gi skattemessig fordel

I tillegg til at du får betre kontroll over privat- og jobbøkonomien, kan kredittkortet gjennom jobben gi både deg og arbeidsgivar ein skattemessig fordel.

Dersom du reiser mykje i jobbsamanheng og får diettgodtgjering eller får att pengar for matutlegg du har hatt i samband med reisa, kan det lønne seg å bruke kredittkortet du har fått gjennom jobben, framfor det private. Årsaka er at dekning av diettgodtgjering og utlegg betalte med privat kredittkort frå og med 2018 er skattepliktig.

Når bedriftskortet blir brukt, blir diettgodtgjeringa eller utlegget rekna som ei naturalyting og blir skattlagd etter fastsette satsar. Når ein brukar eit privat kredittkort, blir ein skattlagd for det faktiske refunderte beløpet, og arbeidsgivar pliktar å betale arbeidsgivaravgift. I mange tilfelle vil derfor både den tilsette og bedrifta spare skatt ved å bruke bedriftskredittkortet framfor eit privat kredittkort.

Har du spørsmål om dette? Dersom du ønskjer oppdaterte reglar som gjeld deg eller bedrifta di, tilrår vi at du kontaktar rekneskapsføraren eller revisoren din.

Les òg dette: Slik skil du økonomien til bedrifta frå din eigen.