Er du mykje på reise i jobben eller har utlegg på vegner av bedrifta, lønner det seg å bruka eit kredittkort tilpassa det. Då er eit MasterCard Business eit godt alternativ. Den største forskjellen på eit privat kredittkort og eit kredittkort til bedrift, er at du slepp å skilje mellom utlegga dine som privatperson, og utlegg gjort i jobbsamanheng.

Vel mellom privat- eller bedriftsansvar
Banken kan tilby to ulike typar business-kort: kredittkort med privat ansvar, og kredittkort med bedriftsansvar. Skal du ha MasterCard Business med bedriftsansvar er det signaturberettiga person i firmaet som må bestilla kortet/korta.

LES OGSÅ: Kva business-kort skal eg velje?

Fleire fordeler for den tilsette
Søkjer du om MasterCard Business med bedriftsansvar, er det mogeleg å søkje om fleire kort til tilsette i bedrifta. Bedrifta får ei kredittramme som alle korta trekkjer frå.

For dei tilsett er det i tillegg desse fordelane:
Du slepp å krevje refusjon for reiseutlegg frå det private kredittkortet ditt.

Det er ein ekstra tryggleik at pengane ikkje blir trekte direkte frå lønnskontoen din, slik at du har høve til å sjekke at alt stemmer på førehand.
Det blir enklare å skrive reiserekning. Den tilsette leverer berre undervedlegga til fakturaen som bedrifta mottek.
Du har inkludert reise- og avbestillingsforsikring dersom minimum 50 prosent av reisa er betalt med kortet.

Bra også for arbeidsgivaren
Som arbeidsgivar får du med MasterCard Business kredittkort full oversikt over innkjøp som kvar enkelt kortinnehavar har gjort på den månadlege fakturaen i nettbanken.

Andre fordelar er:
Inntil 45 dager rentefri kreditt.
Spesialtilpassa små og mellomstore næringskundar.

Søk om business kredittkort