- Arbeidsløysa har auka kraftig dei siste to åra, og stadig fleire har spurd etter ei inntektsforsikring, som kan vere med å dekke tapt inntekt dersom du skulle miste jobben din, forklarer John H. Fjellseth frå Eika Forsikring.

Har du på førehand valt ein forsikringssum på 10.000 kroner, vil du få 10.000 kroner utbetalt kvar månad du er arbeidsledig, i inntil eitt år.

- Det tek vekk ein del av stressfaktoren ved å stå utan jobb. Du kan leve som vanleg, treng ikkje flytte ut av huset, og kan søke nye jobbar utan å ha det økonomiske hengande over deg, forklarer Fjellseth.

Held det ikkje med dagpengar?
Dagpengane frå NAV blir rekna ut på bakgrunn av det du hadde i lønsinntekt i fjor (eller snittet av dei tre siste åra), og utgjer omtrent 62 prosent av inntekta før skatt.

- Det trur eg ikkje alle er klar over. Om du tener 500.000 kroner i året, vil du få rundt 312.000 kroner i dagpengar. Med andre ord ein reduksjon på 188.000 kroner, forklarer Fjellseth.

Sjekk korleis det kan slå ut:

  Lønn før arbeidsløyse
  (før skatt)
  Dagpengar som 100% arbeidsledig
  (før skatt)
  Reduksjon i kr
  per år
800.000 346.605 453.395
700.000 346.605 353.395
600.000 346.605 253.395
500.000 312.000 188.000
400.000 249.600 150.400
300.000 187.200 112.800

I tillegg blir det ikkje rekna dagpengar av inntekt over 6G. Det vil seie at du per i dag maksimalt kan få 346.605 kroner i dagpengar.

Tryggleik for to store risikoar
Inntektsforsikringa dekker også kreftsjukdom. Ved vondarta kreft mottek du ein større eingongssum og månadlege utbetalingar fram til du totalt har motteke 500.000 kroner.

- Kvart år blir rundt 30.000 nordmenn ramma av kreft. Ved å bake dette inn i inntektsforsikringa, har vi skapt eit produkt som gir tryggleik for to store risikoar. Forsikringa er dessutan svært rimeleg for unge kundar, og det er lav terskel for å kjøpe den, avsluttar John H. Fjellseth.