Dagens innskotsrente er historisk låg. Har du pengar på ein sparekonto, vil renta i dag normalt vere ein stad under 1,5 prosent. Samtidig er inflasjonen på 2,5 prosent. Det betyr i praksis at pengane dine blir mindre verde over tid om du har dei ståande på konto.

Ha du eit langsiktig perspektiv, og sparar på sparekonto, bør du derfor vurdere å flytte pengane dine over i eit aksjefond. All historikk viser nemleg at det vil kunne lønne seg på sikt.

Eitt eksempel
La oss sei at du sparar 1.500 i månaden på ein sparekonto med dagens rente, som ligg på rundt 1 prosent. Då vil du ha rundt 300.000 kroner på konto etter 15 år.

Sparar du derimot i eit norsk aksjefond er det over tid ikkje urealistisk å forvente ei gjennomsnittleg årleg avkastning på om lag 8,5 prosent*. Ei slik årleg avkastning vil i så fall gi deg i overkant 530.000 kroner i løpet av den same 1-årsperioden.

Det er 230.000 kroner meir som du kan bruke på å realisere hyttedraumen, til eigenkapital for den første bustaden til barnet ditt, eller for å reise jorda rundt. Verdt å tenkje på, ikkje sant?

Aksjesparing har blitt ein folkesport

Tenk buffer
Eksempelet vårt er sjølvsagt veldig enkelt. Det er ingen garanti for forventa avkastning, og ein tek heller ikkje omsyn til eventuell skatt eller framtidig inflasjon. All historikk viser at det løner seg å spare i fond, men ingen kan spå om framtida.

Alle pengane dine bør derfor ikkje stå i fond. Du bør alltid ha ein bufferkonto til den dagen bilen treng reparasjon, eller for å betale sydenturen familien ynskjer seg.

Men den langsiktige sparinga bør skje i fond – ikkje på konto. Hugs berre at du sparer for framtida, og har litt is i magen. Verdien av eit aksjefond kan svinge mykje verdi, og du bør vere komfortabel med desse svingningane undervegs.

Kom i gang med sparing i fond

*Årleg gjennomsnittleg avkastning for OSEBX frå [31/12-00 til [31/12-15] er [12%]

NB! Historisk avkastning er ingen garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil bl.a. avhenge av markednadsutviklinga, forvalter sin dyktigheit, verdipapirfondets risiko, samt kostnader ved teikning, forvaltning og innløying. Avkastninga kan bli negativ som fylgje av kurstap.