Når du skal kjøpe ny bil kan du anten betale med eigne pengar, auke bustadlånet eller ta opp billån. Kva som passar best for deg varierer ut i frå økonomien din og kva slags type bil du skal kjøpe. Her finn du ei enkel oversikt over dei tre alternativa.

Kjøpe bil med oppsparte pengar

Den store fordelen med å kjøpe bil for eigne pengar er at du kan betale med det same, og slepp å betale renter og avdrag på lån. Ulempa er at verdien på bilen går ned for kvart år, og at eit bilkjøp ikkje kan reknast som ei langsiktig investering.

Det kan difor vere lurt å finansiere bilkjøpet med eit billån og heller investere sparepengane dine i fast eigedom, fond, aksjar, eller plassere dei på ein høgrente sparekonto. På denne måten kan du både kjøpe den bilen du ønskjer deg og ha ein økonomisk buffer som kan hjelpe deg når det oppstår uventa utgifter.

Auke bustadlånet

Dersom du allereie har eit bustadlån kan det vere lurt å auke lånet for å finansiere bilkjøpet. Ved å gjere dette får du samla lånet éin stad, noko som gir deg betre oversikt og gode rentevilkår.

Føresetnaden for å auke bustadlånet er at du må halde deg innanfor 75 prosent av låneverdien – gjer du ikkje det, får du høgare rente på lånet. I tillegg må du hugse å auke terminbeløpet og redusere nedbetalingstida, elles betaler du ned på bilen lenge etter at verdien på bilen er tapt.

Hefte følgjer bilen og du kan risikere at du tek over gjeld frå den tidlegare eigaren dersom du ikkje kontollere dette før du kjøper bilen. Du kan kontrollere hefte på brreg.no.

Ta opp billån

Det kan i mange tilfelle vere meir prisgunstig å ta opp billån enn å auke bustadlånet. Ein av fordelane med eit billån er at lånesøknaden blir handsama på dagen, og at pengane blir utbetalt raskare enn om du aukar bustadlånet. I tillegg får du ein ekstra tryggleik ved at bilen blir kontrollert for hefte – noko han ikkje blir når du låner med pant i bustaden.

Billånet kan du bruke til å kjøpe både ny og brukt bil, og den maksimale nedbetalingstida er ti år – avhengig av kor gammal bilen er når du kjøper han.

Søk billån.

Grønt billån

Tenkjer du på å kjøpe ein miljøvennleg bil, kan du ta opp eit grønt billån. Med eit grønt billån får du lågare rente enn ved eit ordinært billån, og i tillegg lågare etableringskostnad. Billånet kan du bruke til å kjøpe både ny og brukt bil, og den maksimale nedbetalingstida er også her 10 år.

Søk grønt billån.

Usikker på kva for ein bil du skal kjøpe?

Er du usikker på kva for ein bil du skal kjøpe er det enklaste å søkje om eit lånebevis. Lånebeviset er uforpliktande og ein tryggleik for deg – og for seljaren som ser at du er i stand til å finansiere bilen.

Søk lånebevis.

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss. Vi hjelper deg gjerne!