Synest du det er vanskeleg å ta omsyn til både miljøet og lommeboka når du skal kjøpe ny bil? Då er du kanskje ikkje klar over alle fordelane du har når du vel eit grønt alternativ, som ein elbil eller ein bil med lågt CO2-utslepp.

I tillegg til bortimot null drivstoffkostnader, er nemleg både innkjøpsprisen og årsavgifta lågare, og du kan ofte stå gratis parkert på alle offentlege parkeringsplassar.

Miljøvennleg lån

No kan du slå to fluger i éin smekk: Vi kan nemleg tilby deg eit miljøvennleg og gunstig billån, dersom du vel ein miljøvennleg bil. Det er dette vi kallar eit grønt lån.

- Slik blir det mykje lettare å velje ein miljøvennleg bil framfor ein vanleg bensin- eller dieselbil. Gå for elbil eller eit anna miljøvennleg køyretøy, og få eit billån med ekstra gode vilkår, seier Anders Gran, sals- og marknadsdirektør i Eika Kredittbank.

Om du går for denne løysinga, blir du ikkje åleine. Stadig fleire av oss vel nemleg miljøvennlege framkomstmiddel. Dei nyaste tala frå Opplysningsrådet for Veitrafikken AS viser at nullutsleppsbilar utgjer 20,9 prosent av nybilsalet her til lands, medan hybridbilar utgjer heile 31,3 prosent. Det er ein oppgang på fire prosentpoeng frå i fjor. Anders Gran seier òg at Eika har fått stadig større pågang frå kundar som spør etter eit eige miljøvennleg billån.

- Det som er det viktigaste for desse kundane, er betre renter og vilkår enn ved ordinære billån. For oss er dette eit naturleg steg for framleis å vere konkurransedyktige i marknaden, og samstundes rette oss etter kunden sine behov, seier Gran.

Det lønner seg å vere miljømedviten

Grønt er skjønt og ifølgje Gran skal det lønne seg å vere miljømedviten. - Med grønt billån tilbyr vi lågare rente enn ved eit ordinært billån. I tillegg er etableringskostnaden redusert frå 1600 kroner ved vanleg billån, til 990 kroner ved grønt billån, fortel han.

Miljølånet er tilgjengeleg for alle som ønskjer å kjøpe elbil eller ein bil med CO2-utslepp under 100g/km, uansett om bilen er ny eller brukt.

Søk om lån i dag – ta deg tid med bilkjøpet

Sjølv om du skulle få godkjent lånesøknaden din i dag, treng du ikkje å forhaste deg med sjølve bilkjøpet. Søkjer du om lånebevis er beviset gyldig i tre månader. Dette gir deg god tid til å finne drøymebilen. - Du kan enkelt søkje om lånebevis hjå lokalbanken din. Søkjer du via nett, får du svar innan 24 timar, avsluttar Gran.

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss, vi hjelper deg gjerne!

Søk lånebevis.

Kjelde: Opplysningsrådet for Veitrafikken AS.