I januar vurderte konsulentselskapet Cicero forsikringsselskapa sine prisar på bilforsikring for fem ulike bilmodellar og for tre ulike kundar fødde henholdsvis 1986, 1973 og 1950.
Pris på toppdekning er innhenta for BMW 3-serie (2011), VW Passat (2012), Nissan Leaf (2015), Tesla S85 (2015), mens pris på delkasko er innhenta for Toyota Avensis (2009).
Prisane er innhenta via aktørane sine nettsider i perioden 11.01.2016 -20.01.2016 og visar ordinære prisar omsyntekne eventuelle nettrabattar og administrasjonsgebyr.

Vil du sjå korleis du kjem ut? Berekn bilforsikring

Vinn på BMW
Aller best er Eika på BMW 3-serie, 2011-modell. For ein kunde på 29 år er prisforskjellen på 7.785, i forhold til dyraste alternativ. Nesten like bra blir det for ein kunde på 65 år. Her er prisforskjellen på 7.040 i forhold til det dyraste alternativet.

Aller best ut kjem ein kunde på 42 år. Her er prisforskjellen på heile 11. 939 kroner i forhold til dyraste alternativet i teste.

Bra resultat for Toyota Avensis

Ein kunde med ein Toyota Avensis 2009-modell, kan også trygt kjøpe bilforsikring i Eika. Både kunden på 29 år og for kunden på 42 år, kjem Eika med beste alternativ, med ein prisforskjell på henhaldsvis 3.430 og 3.522 kroner opp til dyraste alternativ. For kunde på 65 år, kjem Eika ut på ein 2. plass, 600 kroner bak beste alternativ, men 3.000 kroner betre enn dyraste alternativ.

Godt ut på VW Passat
På VW Passat 2012-modell, gjer Eika det også skarpt. For ein kunde på 29 år, kjem Eika på 3. plass, berre 500 kroner høgare enn beste alternativ. Samtidig blir forsikringa 3.855 kroner billigare enn testen sitt dyraste alternativ.
For kunde 42 år, kjem Eika på ein 2. plass. Det er berre 50 kroner som skil frå beste alternativ, mens det er 9.316 kroner billigare enn dyraste alternativ.
For kunde 65 år, er Eika aller best. Her er prisforskjellen på 5.090 kroner i forhold til dyraste alternativ.