Vanlegvis dekkjer ikkje pensjonen frå folketrygda meir enn 35–40 prosent av det du har i lønn i dag. Derfor er innskotspensjonen ein viktig del av sparinga, og norske bedrifter har eit stort ansvar for å sikre sine tilsette eit godt pensjonisttilvære. Gunnar Birkevold i Eika Kapitalforvaltning oppmodar bedrifter til å setje av meir enn det som er lovpålagt:

– Ei innskotsordning på 2 prosent av lønna (obligatorisk tenestepensjon) er i minste laget. Det blir som å få lønn annankvar månad. Gunnar Birkevold, Eika.  

- Dersom innskotspensjonen blir auka til 5 prosent frå den tilsette er 35 år, kan han eller ho ende opp med rundt 66 prosent av sluttlønna som pensjonist, forklarer Birkevold.

Fordelen med innskotspensjon er at du som leiar veit nøyaktig kva det kjem til å koste bedrifta. Samtidig kan du enkelt auke prosenten og vise at du investerer i framtida til dei tilsette, seier han.

Les meir om innskotspensjon.

Gode råd er lokale

Birkevold trekkjer fram fire grunnar til at det lønner seg å bruke lokalbanken til pensjonssparing.
  • Nærleik til kunden. Vi kjenner bedrifta sitt behov.Samtidig er det enklare for både bedriftseigar og tilsett å ta kontakt med lokalbanken.

  • Det er praktisk å samle alt i éin bank. Dette gjeld både bedrifta og den tilsette.Begge har gjerne eit kundeforhold hjå lokalbanken frå før.

  • Enkle digitale løysingar. Bedrifta har full kontroll over pensjonsordningane gjennom Bedriftsportalen.

  • Tilsettportalen blir ein del av mobilbanken. Ein stor fordel for tilsette som allereie brukar lokalbanken privat. Her finn du ei oversikt over folketrygda, kva som er oppspart gjennom tidlegare arbeidsforhold, og kva som blir spart i dag.I tillegg er det enkelt å sjekke kva du ligg an til å få i pensjon med dagens spareprofil.

Flytte OTP mellom to bankar?

Har bedrifta di obligatorisk tenestepensjon (OTP) hjå ein annan bank i dag? Det er fort gjort å flytte han over til lokalbanken.

Ta kontakt med ein rådgivar i dag.