Kvar einskild privatkunde har individuelle forventningar som vi strevar etter å oppfylle. Det gjer vi best med venlegheit, personleg rådgiving og gode digitale løysingar. Men får vi dette til? Det var utgangspunktet for Kantar TNSs undersøking der 50.000 personar over heile landet deltok.

Nøkkelen er tilknyting
Dei overveldande tala talar for seg, men Ola Jerkø, Eika Alliansens Konserndirektør for Strategi og Allianseutvikling, får likevel eit ord med i laget:

- Det er svært gledeleg å få stadfest at vi lykkast med å vere den omsorgsfulle lokalbanken kundane ønskjer å bli verande i, seier Jerkø.

Han ser dette som eit resultat av bevisst jobbing over tid.

- Vi har ein kultur mellom rådgivarane våre for å hjelpe kundane med å vurdere heilskapen i økonomien sin. For at kundane skal kunne verkeleggjere sine mål og moglegheiter, må rådgivarane kjenne kundane godt. Med denne kjennskapen kan vi yte god kundeomsorg.

I følgje Jerkø er den lokale tilknytinga eit viktig fortrinn for lokalbankane.

- Det å vere lokalt til stades er nøkkelen for å kunne tilby nær og personleg rådgiving der kundane er, med raske avgjerdsprosessar som sikrar kunden kort responstid.

Kundeomsorg er leiestjerna vår
Kantar TNS trekkjer særleg fram eitt stort fortrinn lokalbankane i Eika Alliansen har: Betente bankfilialar og nærleik til kundane. Som kunde kjenner du deg mykje tryggare når økonomien din blir varetatt av ekte menneske framfor digitale løysingar i reine nettbankar. Dei viktigaste funna i undersøkinga støttar dette:


96 % av kundene i Eika Alliansen er fornøyde med banken sin, og hele 2/3 (65 %) er svært/usedvanlig fornøyde. En hovedgrunn til dette er at de opplever god og kompetent kundeomsorg fra lokalbankene.

Eika har sammen med Handelsbanken de beste kundeopplevelsene blant filialbankene i Norge.

Tillit medfører ansvar
No som kundane har sett oss i ein finfin posisjon som publikumsyndling, er det berre å stå på for å oppretthalde nivået. For Jerkø er dette også eit godthøve for ta tak i område som kan vidareutviklast og bli endå betre:

- Våre digitale løysingar, til dømes. Dei fungerer som dei skal, men vi vil helst vere betre enn god nok, seier han og avsluttar:

- No gjeld det å synleggjere fleire av våre personlege og lokale rådgivingsjenester i dei digitale flatene.