Å flytte heimanfrå for første gong er ei stor hending. Midt oppe i sommarfuglar og store forventningar, gøymer det seg også ei rekke praktiske oppgåver. Er for eksempel forsikringane i orden?

- Alle unge som har floge ut av redet, bør teikne eigne forsikringar. Det kan du gjere straks du har meldt flytting til Folkeregisteret, seier Anne Hyttemoen i Eika Forsikring.

Pris for god nattesøvn = 160 kroner
Hyttemoen har jobba med forsikring i over 30 år, og er ikkje i tvil: Alle unge mellom 18-34 bør ha innbu-, reise- og ulykkesforsikring.

- Difor har vi skreddarsydd ein kombipakke for dei som skal bu aleine for første gong. Forsikringar som gjer at du kan sove godt om natta, utan å tømme studielånet, seier Hyttemoen.

Ungdomspakken kostar til saman 160 kroner. Ønsker du eiga forsikring for berbar PC i tillegg, blir sluttsummen 187 kroner.

Hjelp! Vasslekkasje på hybelen
- Vi ser at mange unge droppar å teikne innbuforsikring, ofte fordi dei i mange år har vore dekka gjennom foreldra sine ordningar. Mange tenker nok at det held i massevis, men det gjer det ikkje alltid, seier Anne Hyttemoen.

Foreldre sine innbuforsikringar dekker kun generelle tap ved skade og innbrot. Blir hybelen utsett for brann eller vasskade, og du faktisk må flytte ut, dekker den ikkje nokon ny, mellombels stad å bu.

- Utgifter til hotell kan fort bli dyrt, og vil sprenge eit allereie stramt budsjett, seier Hyttemoen – og legg til:

- Når vi summerer alt vi eig av klede, mobiltelefon, TV, PC, nettbrett og andre teknologiske eigedelar, ser vi at ein student ofte har mykje større verdiar enn vi trur.

Les meir om ungdomsforsikringane her

Bur du i kollektiv? Lås døra
Med eiga innbuforsikring har studenten forsikra alt han eller ho har med seg frå barndomsheimen med inntil 500.000 kroner ved innbrot, brann eller vasskade. I tillegg dekker den eventuelle skader som skjer undervegs i sjølve flytteprosessen.

- Eg vil tru dei fleste studentar flyttar sjølv, og då dekker forsikringa gjenstandar som blir skada eller borte på vegen med inntil 100.000 kroner, forklarer Hyttemoen.

Forsikringa passar også om studenten bur i eit kollektiv.

- Men her er det litt strengare reglar når det gjeld tjuveri. Bur du i eit kollektiv må du passe på at alle verdisaker er låst inne på rommet dersom du skal ha krav på erstatning. Elles gjeld dei same reglane som ved eigen bustad, seier Hyttemoen.

Fullt dekt i inn- og utland
Ungdomspakken inneheld også ei reiseforsikring, spesielt viktig for studentar som er mykje på farten. Forsikringa dekker tap av gjenstandar på reise med inntil 60.000 kroner, og gjeld frå du låser deg ut heime.

- Blir du fråstole veska eller mobiltelefonen på skulen eller bussen, får du dekt inntil 20.000 per eigedel, fortel Hyttemoen.

Forsikringa gjeld sjølvsagt også på reiser i utlandet. Det er kjekt å ha dersom bagasjen skulle forsvinne, men det er ikkje hovudårsaka til at ein bør ha ei god reiseforsikring.

- Eit sjukehusopphald i utlandet kan gjere livet til ein økonomisk ruin. Skulle uhellet vere ute, dekker forsikringa alt av medisinske utgifter og sjukehusopphald. Forsikringssummen er uavgrensa, og gjeld også heimtransport og flybillettar til foreldre som eventuelt må bli frakta ned, forklarer Hyttemoen.

Hjelp det er ferie – og eg er syk!

Eiga ulukkesforsikring
Den tredje forsikringa i kombipakken, er ulukkesforsikring. Det er heldigvis ikkje ofte ein har bruk for den, men dess viktigare å ha dersom ulukka verkeleg skulle vere ute.

- Ulukker skjer fort, brått og brutalt, og livssituasjonen kan plutseleg bli snudd på hovudet. Som ein del av ulukkesforsikringa inkluderer ungdomspakken medisinsk invaliditet inntil 1 million kroner. Dette er ei forsikring som er veldig god å ha med seg på flyttelasset, avsluttar Hyttemoen.