- Mobilen er vår faste følgjesvein, også når vi er på ferie. Ved å samle all informasjon om reiseforsikringa i ein app, gjer vi ting enklare for deg som er på tur, seier Heidi Haakensveen i Eika Forsikring.

Eika Reise er gratis, og tilgjengeleg for både iPhone og Android-brukarar. Når du har lasta ned appen, legg du inn namn, fødselsnummer og polisenummer på forsikringa di - og er klar for tur.

- Vi anbefaler deg også å legge inn reisa di, og eventuelle reisekameratar. Då er det enkelt å melde skade om noko uføresett skjer undervegs, seier Haakensveen.

Eikaapplogo

Finn næraste apotek og sjukehus
Appen er utvikla i samarbeid med SOS International og gjer også sjølve reisa di litt tryggare. Lar du appen få tilgang til stadstenester i mobilen din, finn den raskt informasjon om næraste apotek, sjukehus og behandlingsstader der du er.

- Du har også enkel tilgang til alarmsentralen heile døgnet. Samstundes har du alltid forsikringskortet ditt for handa, og kan sjå kva som dekkast av forsikringa di, forklarar Haakensveen.