Det er mykje å setja seg inn i når du etablerer ei bedrift, og forsikringar står ikkje alltid øvst på prioriteringslista. Mange tykkjer òg det kan vera vanskeleg å finna ut kva forsikringar bedrifta faktisk treng.  

Her er Eikas ABC i bedriftsforsikring til deg som er i startgropa:

Lovpålagte forsikringar
Som bedriftsleiar er det ein del forsikringar du ikkje kjem utanom, rett og slett fordi lova krev det. Alle bedrifter som har tilsette må ha ein yrkesskadeforsikring som gir erstatning ved arbeidsulykker og yrkessjukdommar.

Har bedrifta firmabil må du teikna bilansvarsforsikring som omfattar personskader og skader på andre sine ting og kjøretøy. Bedrifter innan bygg- og anleggsbransjen er pålagt å ha ei forsikring som dekkjer kontraktsforpliktelsar.

I tillegg til forsikringar pliktar du som arbeidsgjevar å setja av minimum 2 prosent av arbeidstakarens lønn til pensjon, gjennom det som heiter obligatorisk tenestepensjon.


Personalforsikringar

Menneska du arbeidar med, er bedriftas viktigaste ressurs. For å ta ekstra godt vare på dine tilsette, kan du i tillegg til yrkesskadeforsikringa, teikna eigne personalforsikringar.

Du kan utvida yrkesskadeforsikringa slik at dei tilsette blir forsikra for ulykker som skjer på fritida, noko som ikkje er ein del av den obligatoriske yrkesskadeforsikringa.

Gjennom ulike ordningar kan personalforsikringar gje erstatning ved uførhet eller sjukdom, og kan gje høgare erstatning enn det ein yrkesskadeforsikring gjer. Ei personalforsikring kan òg sikre økonomisk tryggleik til dei etterlatte.

Ei helseforsikring med behandlingsgaranti gir dei tilsette ekstra tryggleik og gjer at dei kjem raskare til behandling – samstundes som bedrifta reduserer sjukefråværskostnadane.

Helseforsikring: Ta vare på bedriftas viktigaste ressurs

Forsikringer for bygningar og lausøyre
Det er mange forsikringar som er aktuelle for dei fleste typar næringar og bedrifter, uavhengig av bransje. Dei fleste forsikringsselskapa tilbyr forsikringsløysingar som omfattar dei mest vanlege forsikringsbehova ei verksemd har.

Slike forsikringar dekkjer blant anna brann-, tjuveri og vannskader.

Les om Eikas forsikringsløysningar her

Forsikringar tilbys etter bedriftas behov, og er tilpassa din bransje, kva for bygningar du har, og kva for slags maskiner bedrifta nyttar.
Det finst blant anna landbruksforsikringar som er spesielt tilpassa ulike produksjonar på garden.

Felles for dei fleste bedriftsforsikringane er at dei blir tilpassa akkurat di verksemd.

Prat med oss om forsikring til din bedrift!