Det er desember, og før du veit ordet av det er det nyttår. Eit nytt år gir nye moglegheiter, men før den tida er det én ting du bør gjere: Fyll opp BSU-kontoen din.

Kvifor? Fordi bustadsparing for ungdom (BSU) er ein fantastisk måte for deg som er under 34 år å spare til din første bustad. Ein full BSU-konto på 300.000 kroner er gull verdt den dagen du skal kjøpe din første bustad.


Her er 5 gode grunnar:

1. Få ein fot innafor
Med BSU har du ein stor fordel når du skal inn på bustadmarknaden. Det kan for enkelte vere forskjellen på om du kvalifiserer for eit bustadlån eller ikkje.

2. Få den beste renta
Du får den aller beste renta til banken frå første krone du sparer i BSU. Hugs at du sparer i mange år, så god rente kjem godt med.

3. Få maks tilbake på skatten
Du får 20 prosent i skattefrådrag på alt du sparer. Set du inn maksbeløpet per år på 25.000 kroner, kan du derfor få 5.000 kroner i skattefrådrag. For mange kan dette vere forskjell på å få igjen på skatten, kontra ein real baksmell.

4. Få troverdighet
Ved å spare i BSU viser du banken din at du kan. At du evnar og har viljen til å spare, kjem godt med når du ein gong i framtida skal søkje om bustadlån.

5. Få gevinst
Å spare i BSU er heilt risikofritt, og det kostar ingenting. Du er med andre ord sikra ein gevinst.

Har du ikkje BSU? Slapp av. Det er aldri for seint å begynne å spare (med mindre du nett har fylt 34 år. Då kanskje vi må finne på noko anna lurt til deg.)

Å opne ein BSU-konto er heilt kostnadsfritt og gjort på 1-2-3! Ta kontakt med den lokale bankrådgivaren din, så hjelper vi deg i gong.