Sogn Sparebank har signert Kvinner i Finans Charter

Kvinner i Finans Charter har som formål å bidra til å auka delen kvinner i leiande posisjonar i finansnæringa i Noreg.
kvinner i finans charter

Kvinner i Finans Charter

Den positive effekten av auka del kvinner i leiande posisjonar i næringslivet, er grundig dokumentert. Likevel går utviklinga for sakte, også her i Noreg, der me liker å sjå på oss sjølv som eit føregangsland når det gjeld likestilling mellom kjønn. Manglande utvikling er ikkje berekraftig – verken for individ, selskap eller samfunnet.

 

Dei fire prinsippa Sogn Sparebank har forplikta seg til gjennom Kvinner i Finans Charter er:

  • Ha eit medlem i leiarteamet med dedikert ansvar for å følgja opp arbeidde med kjønnsbalanse og inkludering.

  • Sette interne mål for kjønnsbalanse på leiarnivå og i spesialistfunksjonar

  • Årleg publisera status og framgang mot måla på eiga nettside

  • Ha ein ambisjon om at framgang mot måla skal reflekterast i godtgjersle til leiarteamet vårt

- For Sogn Sparebank er det kompetansen som er det avgjerande, og ikkje kva kjønn ein har. Likevel vil leiinga oppmuntre og legge til rette for at fleire kvinner rekk opp handa og tek ansvar. Det er viktig for banken med god kjønnsdeling, aldersfordeling og mangfald i organisasjonen, seier Ingeborg Indrelid, Leiar Stab.

Våre mål i Sogn Sparebank, status per 31.12.2022

 Kjønnsbalanse i virksomheten (%)

Andel kvinner  per 31.12.2022                                                      56

Andel menn per 31.12.2022                                              44



Kjønnsbalanse leiargruppa

Andel kvinner (%)                                              50

Andel menn (%)                                                      50



Mål for kjønnsbalanse i leiande stillingar

Andel kvinner (%)                                              60

Andel menn (%)                                                      40


For å oppmode og rekruttere kvinner i organisasjonen til å ta på seg ekstra ansvar er det viktig med gode førebilete. Gjennom 2022 har leiinga i banken gjeve fleire kvinner i verksemda spesialist- og leiaransvar. - Kompetanseutvikling er eit fast punkt i medarbeidarsamtalen - Kompetanseutvikling og mogelegheiter er eit viktig punkt i rekruttering av nytilsette - Leiinga har fokus på å informere og forklare kva moglegheiter som finst for dei tilsette i banken, og det har resultert i at fleire enn tidlegare har teke det i bruk.