Som bank har me eit ansvar for å bekjempe økonomisk kriminalitet, svindelforsøk og ID-tjuveri. Me er derfor pålagt å kjenne til identiteten til alle våre kundar og innhente legitimasjon og opplysningar om deg som kunde, slik at me aktivt kan beskytte dine økonomiske interesser samt ivareta vårt samfunnsansvar. Det betyr at me vil kontakte deg enten via telefon, e-post, brev eller i nettbanken. Der treng me at du svarar på nokre spørsmål slik at informasjonen me har om deg er korrekt. Dersom me ser at det manglar gyldig legitimasjon frå deg. kan ein konsekvens bli at nettbank, mobilbank, kort og konto sperrast inntil me har registrert dette på deg. 

Nye privatkundar

Kva spør me om?

Du må opplysa om navn, fødselsnummer eller D-nummer og fast adresse. Du må også vise pass eller ha BankID frå ein anna bank. I tillegg må du opplysa om:

  • Kundeforholdets formål
  • Kvifor du ynskjer å gjennomføre større transaksjonar
  • Kvar pengane kjem frå eller kva dei skal brukast til
  • Om du eller nokon av dine nærståande har eit høgtståande verv eller stilling i utlandet

Eksisterande kundar

Du som allerede er kunde.

Fleire av våre kundar blir kontakt av banken med beskjed om at dei må legitimera seg med gyldig pass og svara på nokre spørsmål angåande sitt kundeforhold. Årsaken er at me dessverre ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon på alle våre kundars identitet i våre arkiv. Som bank må me dokumentera ovenfor styresmaktene at me kjenner til våre kundar. Du må derfor være forbredt å svara på desse spørsmåla:

Kva me spør om?

I henhold til lov om kvitvaskin er me pålagt å stilla dei samma spørmsålene til alle våre kundar:

  • Bekreftelse av identitet - gyldig pass
  • Kvar pengane dine kjem frå
  • Korleis du vil bruke banken sine tjenestar og produkt
  • Kvifor du ønsker å gjennomføra større transaksjonar

Nye bedriftskundar

For nye bedriftskundar gjeld det same som for nye privatkundar.

I tillegg må du opplyse om følgande:

  • Foretaksnamn, organisasjonsnummer og eigarforhold
  • Er det privatpersonar, som aleine eller saman med nokon i nær familie, har direkte eller indirekte eigarandeler på meir enn 25 prosent, eller på nokon anna måte kontrollerar virksomheita
  • Representantar ovanfor bedrifta eller personar med disposisjonsrett over bedriftens midlar må legitimera seg, samt dokumentere sin rett til å opptre på vegne av bedriften